Fiskfråfjorden

Kortreist sjømat

Velkomen

”Ramona” av Kvam i fiske på Hardangerfjorden med Torefjell i bakgrunnen

Samvirkelaget Fiskfråfjorden har som føremål å oppretthalda og utvikle det tradisjonelle sjarkfisket på Hardangerfjorden i samsvar med stikkorda fersk-kvalitet-sesong-økologi-samvirke. Vi driv henterute slik at fiskarane får levert fangstane sine. Og vi arbeider med å etablere sjømatbutikk og -kafè i Bergen slik at overskotet frå verdikjeda fram til forbrukaren kan bli ført attende til fjorden og fiskarane. Alle – fiskarane, tilsette, kundar og du som berre er interessert i at fjordfiske og kystkultur skal vere levande i framtida – kan bli medeigarar. Sjå meir på sida Kva er Fiskfråfjorden.

I januar 2011 starta vi  henterute for fisk i Hardangerfjorden. 8-10 fiskarmedlemar av Fiskfråfjorden har då høve til å levera fangst. Årleg frakt vil bli kring 200 tonn rund fisk. Vår eigen bil køyrer henterute inntil tre gongar i veka fisk frå Hardangerfjorden til vår samarbeidspartnar Nordhordland fisk på Radøy. Etter ein innkøyringsfase vil vi vurdera om utvida med eige engrossal til restaurantar mm.

Planen om eigen butikk og kafè blir arbeidd med, men ligg litt lengre fram i tid.

Ta kontakt for meir informasjon hos post@fiskfrafjorden.no

Fiskfråfjorden er gytt med hjelp og støtte frå:

Hardangerrådet

---
Fiskfråfjorden SA v/ Frode Strønen, 5627 Jondal
Tlf: 957 68 949 E-post: post@fiskfrafjorden.no
 
Nettbunad: utforma av hagatekst, basert på renegade for Wordpress - admin