§ 9. Vedtektsendringar
Forslag til vedtektsendringar kan berre gjerast av årsmøtet etter kjentgjering av endringsforslaget i sakspapira. Vedtektsendringar krev 2/3 fleirtal. Ei vedtektsendring som inneber at medlemane får ein større andel av dei gjenverande midlane ved evt oppløysing, krev i følge samvirkelova §135 4/5 fleirtal av avgitte stemmer.
§ 10. Utestenging
Medlemar som opptrer grovt uaktsamt eller på anna vis reknast med å kunna skada foretaket, kan etter vedtak av styret ekskluderast frå foretaket. Den som er utestengt kan kreva at vedtaket vert lagt fram for årsmøtet.
§ 11. Oppløysing av foretaket
Oppløysing av foretaket krev støtte fra 2/3 av alle medlemar eller støtte fra 2/3 av de frammøtte både på ordinært årsmøte og 2/3 av de frammøtte på eit påfølgande ekstraordinært årsmøte. Ved oppløysing av foretaket skal foretaket sine aktiva prioriterast fordelt slik: 1) All gjeld betalast. 2) Medlemane får utbetalt andelsinnskota sine til pålydende. 3) Restmidlar fordelast på medlemane etter den enkelte sin bruk av foretaket dei tre siste åra.
§ 12. Valdgift
Tvist mellom medlemane eller mellom eitt/fleire medlemar og foretaket skal først søkast løyst ved forhandlingar. Om ikkje dette fører fram, kan kvar av partane forlanga tvisten endeleg avgjort ved valdgift etter bestemmingane i Lov om valdgift. Valdgiftsretten treffer òg avgjerd om sakskostnader.