Vedtekter for Fiskfråfjorden samvirkeforetak (Fff SA)
Klikk her for vedtektene i PDF-format
§ 1. Selskapsform
Fiskfråfjorden SA er eit samvirkeforetak med begrensa ansvar. Medlemane heftar berre med andelsinnskotet sitt for foretaket sine plikter. Foretaket har kontoret sitt i Jondal kommune, Noreg. Rekneskapsåret følger kalenderåret.
§ 2. Formål
Foretakets formål er å fremja fiskarane sine næringsinteresser og sjømatkundenes sine forbrukarinteresser gjennom å:
- driva næringsverksemd innanfor kjøp, foredling, sal og servering av lokal sjømat basert på grunnprinsippa ”fersk-kvalitet-sesong-økologi-samvirke”.
- informera om og spreia forståinga av grunnprinsippa i pkt 1 overfor medlemane og brukarane av foretaket.
- bidra til å støtta etablering av andre foretak basert på dei same grunnprinsippa.
- driva anna verksemd relatert til hovedformålet.
- bidra til å spreia samvirkerørsla sine verdiar ved vala av vareleverandørar, bank, og driftsrutiner.