Fiskfråfjorden

Kortreist sjømat

Kva er Fiskfråfjorden?

Januar 2011 etablerte vi henterute mellom fiskarar på Hardangerfjorden og  fiskemottaket Nordhordland Fisk på Radøy. Fiske og leveransar er i full gjenge. I 2011 frakta vi 116 tonn sjømat. Prognosen for 2012 er vel 180 tonn.

Den planlagte Damsgårdsvei, sett frå Markusplassen i retning det aktuelle butikklokalet. Gjeve att med løyve frå BOB. Utarbeidd av: White Arkitekter AB

I den andre enden planlegg vi butikk og kafè med sjømat i fokus. Råvareleveransane baserast på fjordfiskarane i Hardanger med supplement frå andre hordalandsfiskarar via Nordhordland Fisk. Vi vurderer eit forretningslokale på gateplan i Bergen og Omegn Boligbyggelags ”nye bydel” i Damsgårdsundet. Denne bydelen er under utvikling og vil vera på plass innan 1-3 år.

I det tidsperspektivet arbeider vi med etableringa av eigen butikk og kafè. Det er viktig for finansieringa at mange teiknar seg som medeigarar i Samvirkelaget Fiskfråfjorden.

Sider: 1 2
---
Fiskfråfjorden SA v/ Frode Strønen, 5627 Jondal
Tlf: 957 68 949 E-post: post@fiskfrafjorden.no
 
Nettbunad: utforma av hagatekst, basert på renegade for Wordpress - admin