Fiskfråfjorden

Kortreist sjømat

Kva er Fiskfråfjorden?

Klikk her for å lesa sluttrapporten tilhøyrande hovudprosjektering av  Fiskfråfjorden (28 sider, PDF).

Klikk her for å lesa sluttrapporten tilhøyrande forstudiet til Fiskfråfjorden (36 sider, PDF).

Kva er ideen bak Fiskfråfjorden?

Forretningsideen bak Fiskfråfjorden er å etablera eit kooperativt foretak (du kan lesa meir om samvirkeforetak ved å klikka her) med hand om heile verdikjeda frå fjord til bord. Ved ei slik vertikal samordning av fiske, mottak, foredling og sal/servering ønsker vi å bidra til at:

  • sjømaten i fjorden vert utnytta og tradisjonen knytt til denne lokale ressursen vert teke vare på.
  • respekten og omsuten for fjorden som økosystem og matkjelde aukar.
  • fjordfiskarane sikrast ei trygg omsetting av fangsten sin.
  • det vert skapt lønsame, interessante og trygge arbeidsplassar på sjø og land.
  • fastbuande og tilreisande får tilgong til sunn og kortreist kvalitetsmat til moderat pris.

Kva er Fiskfråfjorden i praksis?

Ei gruppe på 4 personar busett i Hardanger starta våren 2009 arbeidet med prosjektet Fiskfråfjorden. Med støtte frå Hordaland fylkeskommune og Hardangerrådet har vi gjort ein grundig forstudie, utført av Norges Vel. Rapporten viser at det er krevande å tena mykje pengar på fiskehandel utanom dei store matvarekjedene. Fiskfråfjorden skil seg imidlertid frå andre ”alternative” sjømatkonsept ved at vi tek hand om heile verdikjeda sjølve. I dette ligg det ei realistisk forventing om rimeleg forteneste. Forstudien har i 2011 blitt utdjupa i Hovudrapporten. Begge har lenke øvst på sida.

Sider: 1 2
---
Fiskfråfjorden SA v/ Frode Strønen, 5627 Jondal
Tlf: 957 68 949 E-post: post@fiskfrafjorden.no
 
Nettbunad: utforma av hagatekst, basert på renegade for Wordpress - admin