Villaksen og sjøauren har diverre teke seg ein pause. Men når oppdrettsindustrien får skikk på eige hus vert dei blanke atter å finna imellom oss, og kan bli kokt og steikt, røykt og grava. Då kan me òg eta oppdrettsfisk med glede. Har eg gløymt noko? Blåskjel, kamsjell, glassvar, uer, pigghå, knorr. Alt dette er god mat, men ikkje alt er oppdaga enno.
Minst tre mattrendar overlappar kvarandre no for tida, og det er på tide at sjømaten vert med! Helsetrenden er velkjent. Sjømaten står for utviklingspotensialet i lokalmattrenden. Landbruket har gått i bresjen med lokalprodusert, gjerne økologisk mat. Men dei viktigaste produktområda byrjar å bli dekte, nye landbruksprodukt må fylla mindre og mindre nisjer. Bønder og lokalprodusentar i Hardanger har vore framifrå flinke. Homlagarden, Nøring, Tyssebotn, ciderprodusentar, Oikos Hardanger og andre har brøyta vegen. Difor er det naturleg at Hardanger vert eit pionerområde også på sjømatsida: Dei fastbuande forstår konseptet. Det oppstår synergieffektar.
Hardangerfjorden er rik på sjømatressursar og kan metta mange gongar fleire enn dei som bur langs han. Ei vurdering for nokre år sidan av potensialet på kvitfisk berre frå Kvinnherad og innetter konkluderte med 80 tonn fisk pr. år! Maten vil vera kortreist med liten energiinnsats. Ein faktor som får større og større merksemd kvar einaste dag i samfunn på leit ut av krisa stordrift har skapt. Ein torsk frå Herand har eit lågare økologisk fotavtrykk enn dobbelfryst Stillehavstorsk filetert i Kina, som ein finn i frysediskane i
Norheimsund. Og heilt sikkert betre på smak. Pris kan me konkurrera på.
Fjorden ventar, bli med og løft fram att den delen av Hardanger me ikkje ser for berre vatn!