Hardangerfjorden – rik på ressursar og matglede også under vassyta!
Av Frode Strønen, fjordfiskar og initiativtakar til Fiskfråfjorden.
Hardangerfjorden er eit unytta kulinarisk spiskammer. Fjorden er heim for mange artar som er tilgjengeleg for fangst på ulike tider av året. Bli med på ei reise gjennom ein fjord som er mest kjent for attraksjonar og godbitar over vassyta!
Hardangerfjorden er verdas tredje lengste fjord. Frå munningen ved det farlege skjeret Bl
oksa til Sima under breen er det ei reis på nesten eit døgn i snekkefart. Frå vannspegelen og til botnen kan det vera nesten ein kilometer. Det tyder eit biologisk mangfald spreidd både vertikalt og horisontalt. Lat oss byrja på stordjupet og arbeida oss oppover.
På 500 meter sym blålangen (bjørkelangen). Ein framifrå fiskematfisk, og den store på 8-10 kg er antastisk til lutefisk. Røykt er han i blåkveite-klasse!